Ambisjonar for vegnettet i Austevoll

trafikkfarleg veg langs fagerbakkevatnet
sauer på vegen

I eit innlegg på Austevoll Høgre i heimeside gjer ordførar Morten Storebø greie for arbeidet med Austevollspakken. Ordføraren skal ha honnør for dei grep som er gjort med å få Austevollspakken nevnt i regional transportplan, og for at det mest truleg kjem vegkroner til Bjellandshalsen.

Me er likevel uroa over den utviklinga me ser i prosjektet Austevollspakken. I valkampen 2019 hevda Høgre at ein bomfri pakke på rundt 200 millionar var realistisk. I førre formannskap blei det hevda at 180 millionar kunne vere ei ramme, men at punktutbetringane det var gjort greie for låg rundt 340 millionar. I det siste innlegget vert det skissert ein pakke på 140 millionar der fylke og kommune deler 50/50.

Det var noko tvilande at Ap stilte seg bak forslaget om ein mindre vegpakke, fordi me var usikre på kva som er mogleg å få til med så avgrensa midlar. Ein grunn til at me likevel støtta det, er at me ser at dei store kostnadene med bomstasjonar på land i ein liten kommune som Austevoll vil eta opp store delar av inntektene. No meiner me likevel at me er i ferd med sjå for snevert på utfordringane, og må løfta blikket for å sjå kva Austevoll treng.

Ein første klar visjon for oss er at me må ha gang- og sykkelstiar i ein radius på 4 kilometer rundt skulane våre. Då er det mogleg å sykla eller gå for dei som bur innafor grensa som utløyser gratis skuleskyss. Det er ei stor folkehelseutfordring at me sit for mykje i ro, og at ungar blir køyrd alle stader.

Me treng sjølvsagt å utbetra alle stadene som ordførar nemner. Storebøvegen: Storebø skule til Austevoll ungdomsskule, Selbjørnsbrua- og langs Fagerbakkevatnet, ny Mjåsundbru og punktutbetring Eido. Men dette er ikkje nok. Frå Husavik til Vik må du framleis køyre sikksakk mellom hol i vegen. Frå Økland til Barmen er det smal veg med høge usikra kantar på kvar side. I det nye byggjefeltet i Solesvik kan ikkje den nye generasjonen med ungar som veks opp gå trygt til skulen. Me må endra lista vår slik som Austevoll heile tida endrar seg. Trafikksituasjonen i dag, er ikkje den same som i 2014.

Me må ta utgangspunkt i kva kommunen treng, og ikkje sjå for smått på det. Me meiner det straks, og parallelt med den pakken som er under planlegging, må gjerast ein moglegheitstudie for resten av vegnettet i Austevoll. Der må gjerast greie for dei nemnde strekningane, nye trasear,   påkopling til E-39, og mogleg bruk av ferjeavløysingmidlar og vegprising. Vegprising er eit meir rettvist system som ikkje straffar dei som må køyra forbi ein bom kvar dag, men fordeler kostnadene mellom alle som køyrer. Ap har vore ein pådrivar for vegprising og med Høgres nylege ja til vegprising er det truleg fleirtal for å erstatta dagens bompengeordning. Stortinget har uansett vedteke at eit nytt og rettvist avgiftsystem for bil skal vera på plass i 2025. Om vegprising blir ein del av dette, har me berre tida og vegen.

 Åra går fort, og me kan ikkje venta på at nokon gjer denne jobben for oss.