Anja Heggholmen er varaordførar for 2015-2019
Anja Heggholmen vart vald til varaordførar i Austevoll Kommune på konstituerande kommunestyremøte, måndag, 12. oktober. I førarsetet sit Austevoll Høgre sin Morten Storebø som ordførar.
Anja har med seg Haavard Endre Waage, Isabell Heggen, Inga Margrethe Fagerbakke, og Vibeche Storebø som faste representantar i kommunestyret.
Austevoll Arbeidarparti gjorde eit brakval denne hausten, med ein aukning på 17%, og det er ein engasjert og dyktig gjeng som no skal ta fatt på denne nye perioden. Vi vonar perioden vert fruktbar, og at samarbeidet med Høgre går like fint som det har gått i forhandlingsperioden.