Faste heiltidsstillingar også i omsorga

Tre helsearbeidere står utenfor et sykehus. Foto: Øivind Haug

I dag er det mange som arbeidar deltid i kommunane, spesielt i omsorgsyrke. Me vil at heile faste stillingar skal bli regelen i Austevoll, og at det vert ein heiltidskultur. Dette gjev betre vilkår for arbeidstakaren og meir forutsigbarheit for pasientar og brukarar. Dette er ein av dei viktigaste sakene for meg og for Arbeidarpartiet i dette valet.

Fokus på heiltid i omsorgstenestene - kvifor er det så viktig? Det handlar om å kunna rekruttera motiverte kvinner og menn som må ha ei løn å leva av. Om ein har ein jobb å gå til, ei løn å leva av og ein stad å bu, så vert ein istand til å takla mange andre utfordringar. Mange tilsette i omsorgssektoren opplev stor uro knytta til jobb og inntekt. Små stillingsbrøkar gjev ustabilitet i livet og ikkje rett på boliglån. Kvardagen blir til jakt på ekstravakter. Som igjen gjev utryggheit. Også for dei pleietrengande eldre. Med fleire i heile stillingar vil dei kunna sjå kjende ansikt oftare.

Arbeidarpartiet er garantisten for at pleie- omsorgstenestene blir drifta i kommunal regi. Dette er ei kommunal oppgåve. Dei neste åra vil talet på eldre og pleietrengande auka. Sveio kommune har lykkast godt med sine omstillingar innanfor helse- og omsorg. Arbeidarpartiet har styrt kommunen dei siste 4 åra, og me kan hausta og læra noko av deira bruk av auka grunnbemanning. Dvs at dei har ein eigen vikarpool som går inn ved behov, og gjev ei meir fleksibel organisering av arbeidet for eksempel ved sjukdom og anna fråvær.

Kommunen skal vera ein attraktiv, føreseieleg og seriøs arbeidsgivar. Kommunen skal satsa på faste, heile stillingar, rett kompetanse, der det er mogleg for tilsette å heva kompetansen sin. Me meiner kommunen må vera ansvarsmedviten når ein kjøper varer og tenester, og at ein sett krav om seriøsitet i anbod ved å til dømes krevja tariffavtale og bruk av lærlingar når kommunen er oppdragsgivar.

Stem Arbeidarpartiet 9. september!

Anja Heggholmen

Ordførarkandidat for Arbeidarpartiet

Anja i orange jakke

Anja Heggholmen er ordførarkandidat for Austevoll Ap