Fråsegn om videregåande skuletilbod i Austevoll og Sunnhordaland
Skuletilbod i Sunnhordland
Austevoll formannskap ser med uro på nokre av omstruktureringane som er føreslått i skuletilbodet på Bømlo, Fitjar og Stord, og vil koma med ei uttale om dette. Det gjeld oppretting av naturbruklinje på Bømlo, nedlegginga av design og handverk og påbygg på Fitjar, og oppretting av helse- og oppvekstlinje på Stord.
Me er positive til at havbruksnæringa er i vekst, og at fylket vil satsa på akvakultur. Leiaren av yrkesopplæringsnemda har understreka at skuletilbodet må liggja der læreplassane er, fordi elevane skal ha ei framtid. Austevoll vgs. har i dag særs god kompetanse og kontakt med næringslivet som er knytt til naturbruklinja. Med Måløy i nord, Fusa og Austevoll i vest og Strand vgs i sør, kan det bli svært øydeleggjande for Austevoll om Bømlo også får naturbruk.
Det er ikkje mange år sidan ein hadde 1 klasse i naturbruk og 4-6 elevar i akvakultur i Austevoll. Intens jobbing og eit godt stykke rekrutteringsarbeid har gjort at ein no ligg stabilt på 3 klassar i naturbruk, 2 i fiske og fangst og 1 i akvakultur. Målet er å få minst 2 klassar i akvakultur for å skape eit godt og solid miljø. Dette vil ein ikkje klara om enda ein skule får opprette denne utdanninga. Det som då truleg vil skje er at både Fusa, Austevoll og Bømlo vert gåande med halvfulle akvaklassar. Austevoll har som einaste skule i Hordaland fått opplæringskonsesjon av laks (780 tonn). Dette tok skulen 4 år med mykje jobb og tett samarbeid med Lerøy. Austevoll og Måløy bør vera dei skulane Vestland fk no satsar på innan naturbruk og akvakultur. Det er sjølvsagt ei ulempe med lang reiseveg for nokre elevar, men eit godt og etablert fagtilbod med tilbod om lærlingplassar er heilt essensielt for å sikra rekruttering. Det må også nemnast at ein arbeidar og undersøkjer moglegheita for å oppretta fagskuletilbod innan havbruk.
Lokale verksemder tilbyr mange læreplassar innan akvakulturfaget. Berre Lerøy har hatt mellom 20-30 lærlingar dei siste åra. Austevoll vgs. var også først ute med skulefrokost og har lang erfaring med å fylgje opp hybelelevar, fordi ein ser utfordringane knytt til dette. Kor mange læreplassar som vert tilbydd av verksemder med tilknyting til Bømlo er eit relevant spørsmål å stilla seg før ein går i gong med eit tilbod der.
Linja design og handtverk på Fitjar, er føreslege nedlagt av yrkesopplæringsnemda. Det betyr at dette tilbodet ikkje vil finnast i heile Sunnhordland, og at næraste tilbod er Årstad vgs i Bergen. Dette er svært negativt for heile Sunnhordlandsregionen, men også for Austevollselevane betyr dette i praksis at ein må flytta på hybel som 16-åring, då pendling til ein skule som ikkje ligg i sentrumskjernen, er umogleg med dagens kollektivtilbod. Sjølv ein skule i sentrumskjernen er svært krevjande fordi det medfører at elevane frå Austevoll må ha særavtale om å koma for seint kvar dag, og må venta til 1610 før dei kan reisa heim. Lang reiseveg og hybeltilvære er noko som kan føra til fråfall. I tillegg vil ein ha elevar som ikkje vel det dei eigentleg vil, fordi det vert for krevjande.
Så er det helse- og oppveksttilbodet. Fitjar vgs. har per i dag 120 elevplassar innan helse- og oppvekstfag. Dei har også programfag for påbygg. Austevoll vgs. tilbyr i dag vg1 helsefag, og mange elevar vel å dagpendla til Fitjar andre året. Fleire tek også allmenn påbygg. Det er ein reiseveg på mellom 30-50 minutt for Austevollselevane som let seg gjera med dagens kollektivtilbod.
Dersom Stord vgs. opprettar eit stort tilbod med same linjer, vil det vera i direkte konkurranse med naboskulen, og det er sjølvsagt fare for at Fitjar sitt tilbod ikkje vil bestå. Dette er negativt for Fitjar som skule og samfunn, som kan mista ei relativt stor elevmasse, men også for elevar frå Austevoll som igjen vil få over ein times reiseveg til Stord. Elevar frå Austevoll som har valt Stord som skule tidlegare, har uttalt at dei prøvde å pendla, men at busstilbodet var så dårleg at dei såg seg nøydde til flytta på hybel eller få eigen bil. Til samanlikning er pendleavstanden mellom Stord og Fitjar 20-30 minutt. I verste fall kan Fitjar stå utan både helsefag, design og handverk og påbygg. Då står dei att med linja restaurant og matfag, noko som i praksis betyr nedlegging. Sistnemnde linje har også jamleg elevar frå Austevoll.
Det er umogeleg å hindra at alle elevar slepp pendling eller hybelliv, men dersom ein kan minimera andelen elevar som får lang reiseveg, meiner me dagens struktur er meir tenleg. Dersom fylkespolitikarane meiner at eit etablert desentralisert tilbod med god kvalitet er til det beste for elevane, og ein vil motverka fråfall, bør linjetilbodet på Fitjar bestå slik det er i dag, og Austevoll bør halda fram med naturbruktilbodet.
Me håpar de som fylkespolitikarar vil sjå nøye på denne saka, og om mogleg utsetja avgjersla om det trengs meir informasjon. De er hjarteleg velkomne til Austevoll om de treng meir informasjon om korleis Austevoll vgs driv.
Fråsegna fekk fleirtal med stemmene til Ap, Høgre, KrF og Sp i formannskapsmøte 27.11.2019