Ja til gratis ferje for passasjerar!

Austevoll Ap meiner ferja må forbli gratis for passasjerar, sjølv om innføring autopass har ført med seg ei rekke utfordringar. Førre veke utsette Fylkestinget i Hordaland ei sak som dreidde seg om å gjenninnføra passasjerbetaling på ferjene etter at innføring av Autopass har gjort ferjeprisen for billistar dyrare. Me er sjølvsagt uroa over at ferjeprisen går opp. Pendlarar og næringsliv som er avhengige av bil betalar ein alt for høg pris i dag. At dei som køyrer naudsynt tungtransport må betala rekningar i 100 000-kronersklassen, er eit signal på at det trengs målretta ordningar for næringsdrivande. Det er naivt å tru at dette vil bli snudd på hovudet berre ein let passasjerane betala billett igjen.

At ferja er gratis for passasjerar har ei rekkje føremoner. Det blir billigare for barnefamiliar og andre som reiser fleire i bilen. Det stimulerer til samkøyring som fører til mindre bilar inn mot byen, det er billigare for idrettslag, og det er gratis for gåande som nyttar seg av kollektivtransport. I helgene kan ein vaksen reisa med opptil fire barn gratis også på bussbilletten. Det betyr at ein kan reisa frå Hufthamar til Bergen sentrum for 37 kr. Ved gjenninnføring av betaling for passasjerar, vil det kosta minst 200 kr berre med ferja. Utfordringar som at MC ikkje får rabatt, er noko som bør kunna løysast.

Problema knyt seg til dyr ferjepris og eit tungvindt system. Det må møtast med andre verkemiddel enn å starta opp eit separat betalingssystem for passasjerar slik saka som ligg føre foreslår. Innstillinga frå fylkesutvalet tok nemleg ikkje til orde for å gå tilbake til ordinær billettering, men å innføra betaling i App i tillegg. Av saksutgreiinga går at det fram at det vil bli dyrt og uoversiktleg. Når det ikkje vert lagt opp til auka bemanning, vil mannskapet, som allereie er få, få fleire arbeidsoppgåver. Ei betre løysing må vera at det blir innført eit tak på tall på passeringar i løpet av ein månad, eller månadskort for bil. Pendlar(reise)frådraget må aukast, slik Arbeidarpartiet sentralt kvart år har foreslått, og kollektivtilbodet må styrkast ytterlegare.

Austevoll Ap sitt primære standpunkt er at ferja må bli billigare, ja helst gratis. Me meiner ferja må reknast som ein del av vegen. Innføring av passasjerbetaling er ikkje eit steg mot dette målet. Me vil difor halda på at ferja forblir gratis for passasjerar, og at ein finn andre målretta ordningar for næringsliv og pendlarar.

Austevoll Ap - kommunestyregruppa

Håvard, Inga og Anja

Inga, Håvard og Anja, tre av fem kommunestyrerepresentantar for Austevoll Ap.

Dekket på ferja Møkstrafjord

Møkstrafjord