Kvifor bruka av havbruksfondet til betre og tryggare vegar?
Det er bra at fleire parti kjem på banen med idear til korleis me kan rusta opp vegnettet i Austevoll og Hallvard Møgster og KrF har nokre gode innspel. Me er derimot usamde med hans konklusjonar om å ikkje bruka av havbruksfondet i ein lokal vegpakke, men til nedbetaling av gjeld.
Dei siste åra har det blitt gjort naudsynte og viktige investeringar i Austevoll. Når ungdomsskulen er ferdig til våren, er det den siste av dei store utbyggingane. Det er ikkje noko som tydar på at kommunen ikkje vil kunna betala ned gjelda etter planen. Investeringane har vore planlagt utan havbruksfondet i tankane og er inne i økonomiplanen.
Midlane frå fondet (39 mill. 2018) var pengar ein ikkje kunne rekna med for berre få år sidan, og fleirtalet i kommunestyret har vedteke at fondet kan brukast til svært viktige og samfunnsnyttige føremål. Når dei viktige investeringane i skular, helsehus m.m. er gjort, meiner me vegopprusting er det viktigaste.
Sjølvsagt meiner me, som alle andre, at Vestland fylke bør betala for opprusting av sine eigne vegar. Situasjonen er likevel den at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane er svært stort. Faktisk heile 8,2 milliardar berre i Hordaland (jf.rapport frå Vista analyse, 2018). Fylket som sit med ansvaret, er underfinansiert av Stortinget.
Me er villige til å bruka av havbruksfondet til å få betre vegar. Fylket må også bidra, og helst med ein størst mogleg del, men ein viktig grunn til å bruka Havbruksfondet i tillegg er for å få realisert prosjekt fleire stader i kommunen, og for å gjera eventuell anna innkrevjing frå bilistar minst mogleg.
Det er for tidleg å seia korleis alt vil bli innretta. Arbeidarpartiet ynskjer i utgangspunktet å erstatta bompengar med meir rettferdig vegprising. Dette er foreløpig nedstemt i Stortinget. Me meiner likevel at ei eventuell innkrevjing, så langt det lar seg gjera, må legga opp til ei rettferdig fordeling av utgiftene, gode rabattordningar og ein sosial profil t.d. maxgrense per månad.
Austevoll har hatt modige politikarar som vågde å satsa på noko så ambisiøst som tre store bruprosjekt. Me kan berre prøva å tenka oss korleis Austevoll hadde sett ut utan bruene. Ein ting er sikkert, det er vanskeleg å sjå føre seg at me hadde hatt den folkeveksten og utviklinga me har sett dei siste tiåra.
La oss no gå saman om eit nytt løft for vegane, slik at me kan ferdast trygt og effektivt i Austevoll i framtida.
Stem Ap 9. september for å få realisert Austevollspakken!
Beste helsing
Ordførarkandiat Anja Heggholmen, Håvard Waage, Inga Margrethe Fagerbakke, Ketil Helland, Ulla Sieppi og Ragnfrid Mangor-Jensen