Sunn skulemat til alle elevar

En gjeng skoleelever står i garderoben. Foto: Øivind Haug

Austevoll Arbeidarparti går til val på å utvida skulelunsjordninga til alle elevar. Det er mange gode grunnar til det. Først vil me gje honnør til skulane i Austevoll som dei siste åra har utvida skulelunsjordninga til stadig fleire trinn. I dag har elevar alle elevar frå mellomtrinnet (4. trinn på Selbjørn) tilbod om å vera med på skulelunsjordning.

Skapar fellesskap

Å dela eit måltid er sosialt og skapar fellesskap. Det er ikkje det same å sitje med kvar sin matpakke i klasserommet, som å forsyna seg av ferske brød, grønsaker, frukt og pålegg og sitja rundt bord. Faktisk har 2-3 av elevane i ein gjennomsnittleg klasse ikkje ein gong med seg matpakke. Det er stigmatiserande og skapar forskjellar. Difor meiner me at det som må til for å utvida skulelunsjen til alle trinn, må løftast politisk, slik at me kan få det til.

Gratis skulemat utliknar sosiale forskjellar.

Ein fersk forskingsrapport frå Universitetet i Agder slår fast at eit gratis brødmåltid til alle elevar jamnar ut forskjellar og bidreg til eit sunnare kosthold og helse for alle elevar, ikkje berre dei som uansett ville hatt med seg sunn mat. Det er eit stort løft å skulla finansiera gratis skulemat over kommunebudsjettet, til det treng me ny regjering med nye prioriteringar. Me meiner likevel at dette er så viktig at me må gå inn med midlar for å gjera prisen billigare, og syta for at skulane har ressursar til å driva ordninga. Dette vil svara seg i det lange løp, fordi mette barn har det betre og er betre rusta for læring.

Sunn mat  

Me meiner det er særs viktig at skulelunsjen er sunn og fylgjer Helsedirektoratet sin rettleiar for skulemat. Kort sagt betyr det at ein unngår svært sukkerholdig pålegg, vel grove produkt og avgrensar juice. Dette har me fremja forslag om i kommunestyret, men dei andre partia ynskte meir informasjon om dette og stemte imot. Me meiner det var enkelt å seia ja til. Dei siste åra har helsestasjonen jobba målretta mot overvektsproblematikk hos barn i kommunen, og foreldre skal vera trygge på at skulelunsjen fylgjer staten sine råd for ernæring.

Ynskjer du sunn skulemat til alle elevar? Stem Arbeidarpartiet 9. september!

Beste helsing

Inga Margrethe Fagerbakke, Rune Fagerbakke, Isabell Halstensen Heggen, Ingrid Danielsen

Michael Ek, Johanna Malena Nordeide, Bjørn Eirik Klepsvik, Ragnfrid Mangor-Jensen

Listekandidatar for Austevoll Ap

Bilde av dei første 6 kandidatane