Vegane i Austevoll treng austevollspakken
Vegane i Austevoll treng austevollspakken
Vegane i Austevoll er trafikkfarlege og utdaterte. Når du køyrer i land på Hufthammar får du gleda av å køyre på veg med midtstripe nokre kilometer. Deretter kan du ta føre deg av meir eller mindre halsprekkande køyreopplevingar anten du svingar mot Hundvåkøy og Torangsvågbrua og vidare utover, køyrer sørover over Eido, eller via Bjellandshalsen. Til slutt møter du Selbjørnsbrua og den påfølgande vegen mot Stolmen eller Gauksheim byr heller ikkje på autostrada. Sett bort frå dei nyare bruene er det sant å seia ikkje mykje å skryta av.
Her køyrer trailarar med varer, pendlarar med stramt tidskjema og skulebussar og foreldrebilar fulle av barn som kunne gått til skulen om dei ikkje hadde hatt farleg skuleveg.
Dette er grunnen til at fleirtalet i det sitjande kommunestyret har teke initiativ til ein Austevollspakke for å rusta opp vegane, der bompengar er ein sannsynleg del av finansieringa. Per no er vegpakken nemnt i regional transportplan, og det hadde den ikkje vore om ikkje fleirtalet (H/Ap) hadde teke initiativ til det.
Eg stiller meg undrande til korleis Senterpartiet skal finansiera vegutbetring utan bompengar, og i tillegg laga ein ny veg tvers over Huftarøy. Korleis dei skal forholda seg til lov om offentlege anskaffingar er uvisst, då dei skal løysa det heile i samarbeid med lokale entreprenørar.
Då eg engasjerte meg i politikken for fire år sidan, hadde eg ein eittåring. No har eg to barn, og ein av grunnane til at eg vil halda fram er eit ynskje om Austevoll skal bli ein enda betre plass å veksa opp. Eg har eit mål om at barna våre skal kunna gå og sykla til skule og fritidsaktivtetar. Dette gjeld for øvrig alle aldersgrupper, men eit viktig grunnlag blir lagt i barndommen. Det er god folkehelse å ha gang- sykkelstiar.
Men det er ikkje berre gang- og sykkelstiar som er viktige. Me har eit næringsliv i verdsklasse som må få varene fram. Me må ha eit vegnett som gjer det mogleg for tungtrafikk og andre å køyra effektivt utan å måtta bremsa og stoppa i eitt sett.
Me har ikkje svaret på korleis fordelingsnøkkelen vil bli i austevollspakken. Skal me sjå på kommunane rundt oss er det sannsynleg at me kan sjå føre oss eit spleiselag mellom fylkeskommunen og andre kjelder. Austevoll Ap meiner samferdsle er så viktig at midlar frå Havbruksfondet må brukast til dette. Austevollsbrua er nedbetalt til neste år. Prosessen er ikkje kome så langt at ei vidareføring av denne bompakken er aktuelt. Det vil bli ferjebillett utan bompengar frå 2020. Innan den tid vil me forhåpentlegvis ha skisser og anslag som viser kva dei ulike tiltaka i ein vegpakke vil kosta.
Arbeiderpartiet vil fjerna dagens bompengar og erstatta dei med rettferdig vegprising. Det betyr at ein må betala for å bruka vegen, men ikkje fordi du tilfeldigvis må passera ein bom eller ta ferja. Ap har fremja forslag om å utgreia vegprising. Forslaget blei nedstemt at Høgre, Frp, Venstre og KrF, men vårens debatt har fått fleire parti til å vurdera andre alternativ enn bompengar. Enn så lenge er bompengar det systemet me har, og ein moderat brukarbetaling i ei eller anna form bør me rekna med.
Me må sjølvsagt også vera på banen når fylket løyver trafikksikringsmidlar. Denne perioden har me fått nedsett fart og fartsdemparar i Bekkjarvik, trygg busslomme ved barneskulen på Storebø og trafikksikring ved rundkøyringa på Hundvåkøy frå desse midlane. Eitt busstopp i året er likevel ikkje noko som monnar nok.
Me har ikkje tid til å sitja på gjerde og håpa på at me skal bli prioritert og fullfinansiert. Me må kort og godt halda arbeidet oppe for fullt med austevollspakken, slik at me i framtida kan køyra og gå trygt og effektivt i kommunen vår.
Beste helsing
Inga Margrethe Fagerbakke
3. kandidat for Austevoll Arbeidarpartiet
Brua i Taranger
Inga Margrethe Fagerbakke 3. kandidat